Historie
~Gjestfrihet siden 1905~

Skogstad hotel har sedan 1905 vore drevet av 5 generasjonar. Den første bygningen som nå er opphavet til nåverande Skogstad Hotell sto ferdig i 1904.

Ola K. Kirkebøen startet i 1905 opp med landhandel og noko hotelldrift. Ola var bonde på Kyrkjebøn. Han var gift med Margit Andersdotter Viljugrein. Han var den fyrste ordføraren i Hemsedal 1897-1910 og hadde stor vørdnad i bygda, og vart samrøystes vald til ordførar.

Då sonen Knut overtok garden bygde dei då nede ved vegen og kalla staden Skogstad. Ola styrde butikken og hotellet saman med kona. Ho var og jordmor i bygda, noko ho skjøtta i 40 år. Dette var ofte slitsamt, lange vegar, ubrøytt og på nattestider.

Dottera Margit og svigerson Østen A. Torset overtok. Dei gjekk over til hotelldrift , og bygde på den fyrste bygningen i 1934. Trafikken auka smått om senn og rundt 1955 vart neste bygning teken i bruk.
Østen var kommunemann , doms- og skjønsmann, samt heradskasserar og trygdekasserar.

Sonen Ola, gift med Gudrun Olava Grøndalen, overtok drifta frå 1950. Han gjekk til nye utvidingar med eit større murbygg i fleire høgder og bygde campinghytter på andre sida av riksvegen, for å møte den nye tid med turismen som kom til Hemsedal med det nye alpinanlegget.

Gudrun kom til hotellet fyrst som tjenestepike frå ein stor familie i Grønndalen med 10 born. Gudrun vart vertinne for hotellet fram til 1986. Gudrun og Ola kjøpte også Langeset gård, og var meir eller mindre sjøvforsynte med høns, griser og kydn.

Ola og Gudrun har gjeve seg med hotelldrifta, og sonen Asle Øystein Torset tok over hotellet, samen med kona Gro Steimler Torset. Dei satt i gong med eit nytt tilbygg til hotellet. Hotellet har no 83 rom. I denne perioda ble det laga basseng og hotellet var stort innan kurs& konferanse, også med stor nattklubb. Asle og Gro fekk to døtre, Marte og Mie, og hotellet var dreve som eit familiehotell.

I 2007 tok eldste dottere Marte Torset over drifta og driver no hotellet med mannen Lars Hansen. Dei har tre born.